Hopp til innhold
8. trinn - Vg3

Før du byrjar på oppgåva

Vi anbefaler alle å gjere seg kjend med hendingsrekkja 22. juli og litt om tankegodset og måla til terroristen før de byrjar med oppgåva. Bruk gjerne introduksjonsfilmen og den digitale tidslinja.

Om oppgåva

Elevane skal reflektere rundt ulike kjelder til 22. juli-historia, og diskutere innhald, verdi og manglar i kjelda. Opplegget gjev elevane innsikt i 22. juli som ein historisk hending, og årsaker til og konsekvensar av terroråtaket. Samstundes er opplegget som ein god øving i kjeldekritikk og historiemedvit.

Oppfølging av elevarbeid

Byrje med å late elevane presentere kjelda dei har fått sånn at alle i klassen får innsikt i alle kjeldene. Gå deretter gjennom det elevane har framført. De treng ikkje å gå igjennom alt punktvis, men trekk fram det du tenkjer er særleg viktig at alle elevane får innsikt i.

Filmar og seriar om 22. juli:

  • Filmar og seriar kan skape interesse og nysgjerrigheter om eit tema
  • Filmar og seriar er som regel fiksjonelle: Kva slags avgrensingar legg det for bruk av film og serie som kjelde til ein historisk hending?

Hatmeldingar:

  • Kvifor sendar nokon hatmeldingar?
  • Diskuter gjerne ytringsfridom i praksis og på papiret. Kva skjer med dei som mottek slike meldingar?
  • Kva kan vi gjere for å førebyggje hatprat?

Barneteikningar:

  • Kjelda kan fortelje oss noko om 22. juli gjennom perspektivet til eit barn
  • Er dette ein god kjelde til å fortelje oss kva som hende denne dagen?
  • Barn som veks opp i dag, og kanskje elevane dine også, hugsar ikkje 22. juli. Kvifor er det viktig at elevane lærer om 22. juli?

Manifestet til terroristen:

  • Ein god kjelde for å samtale om kva terroristen meiner og tenkjer om samfunnet vårt
  • Er dette ein god kjelde for å lære noko om samfunnet vi lever i? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Manifestet er fullt av fotnotar (kjelder) – Er det lett å tenkje at ein tekst med mange kjelder er ein god tekst? Hugs at vi må undersøkje kva slags kjelder ein tekst referer til.

Forslag til etterarbeid

Dersom du hadde tenkt til å bruke film eller serie som ein del av undervisinga di, er det fint å vise den etter at elevane har arbeida med kjeldeoppgåva. Etter eventuell filmvisning kan de gjerne bruke kjeldeoppgåva aktivt til å vurdere filmen og det potensielle læringsutbytet.

Vidare kan elevane få i oppgåve å finne kjelder til 22. juli som dei ikkje allereie har arbeida med, og deretter foreta ei kjeldevurdering av desse.

Snakk med elevane om kvifor det er vanskeleg å sei at éi kjelde er meir verd enn ei anna, eller at ei kjelde er kategorisk god eller dårleg. Alle kjeldene fortel ulike historier, og er gode avhengig av kva vi spør om.

Det siste elevane skal svare på er "Kva får kjelda dykk til å føle?". Dette punktet er blant anna med for å kunne tematisere kva kjensler kan gjere med kjeldekritikken vår. Dersom vi ser ein artikkel eller eit bilete som gjer oss sinte, vert vi brått dårlegare på å vere kjeldekritiske.

Introduksjon til oppgåva

Her skal du lære meir om 22. juli som ei historisk hending gjennom å utforske ulike kjelder. Vi kan sjå på kjelder som puslespelbrikker. For at vi skal få eit godt bilete av 22. juli, av kva som hende, kvifor og kva slags konsekvensar det fekk, treng vi så mange puslespelbrikker, eller kjelder, som mogleg. I denne oppgåva skal du fyrst jobbe med å forstå kva ei kjelde er, og korleis vi jobbar med kjelder på ein god måte. Deretter skal du og medelevane dine gruppevis utforske ulike kjelder til 22. juli.

Et puslespill med et ulike bilder: et kart, en knust mobiltelefon, en iPad med en portrett, en barnetegning, noen bøker. Foto
Video om kildebruk

Svar på spørsmåla til filmen i grupper

1

Kva er ei kjelde?

2

Kva slags døme på kjelder nemnast i filmen?

3

Kan de komme på fleire eksemplar på kva som kan vere ei kjelde?

4

Kvifor er det viktig å bruke fleire kjelder når vi skal lære oss noko om eit nytt tema?

Svar på spørsmåla til kjelda i grupper

1

Kva fortel kjelda noko om?

2

Kva fortel kjelda lite om?

3

Kva får kjelda dykk til å lure på?

4

Kva får kjelda dykk til å tenkje på?

5

Kva får kjelda dykk til å føle?