Kan eg undervise om 22. juli for barneskuleelevar?
Mange lærare i barneskulen lurar på om det er greitt å undervise om 22. juli til sine elevar. Etter kvart som terroråtaket ligg lengre bak oss i tid, merkar vi auka førespurnad om undervising frå mellomtrinnet. Mange barn har høyrt om 22. juli frå ung alder, dei har sett filmar om 22. juli eller plukka det opp på barne-tv eller i avisar for barn. Når elevane dine byrjar å spørje om 22. juli, tenkjer vi at det er greitt å byrje å ta for seg tematikken, men då på ein måte som er tilpassa elevgruppa.
På denne sida finn du nokon tips til korleis du kan gå fram, men hugs at det er du som kjenner elevane dine best, og du må tilpasse deretter. Vi har eitt spesielt viktig tips når det kjem til kor detaljert du skal vere i undervising om 22. juli på barneskulen: Du treng ikkje å fortelje alle detaljar – du bør som regel ha kjærleikforteljinga og samhaldet i fokus. Når elevane dine spør, skal dei likevel få svar, men det er ikkje sånn at du treng å gje alle detaljer. Vår erfaring er at jo yngre elevane er, jo meir detaljerte er spørsmåla deira. Det kan kanskje opplevast overraskande eller ubehageleg, men får elevane ikkje svara frå deg, vil dei lett finne opp sine eigne svar. Vi skal vere trygge vaksenpersonar som lyttar og gjer svar der vi kan.
Forslag til arbeidsmåtar og sluttprodukt
- Bruk gjerne rettleiinga «Korleis snakke med barn om vanskelege tema» og «Korleis å snakke med barn om 22. juli». Desse finn du i lista over nedlastbare dokument under.
- Bruk barneteikningar som utgangspunkt for å snakke om hendingsrekkja og motiv – sjå i lista over nedlastbare dokument under.
- Bruk som roser, brev og bamsar for å snakke om respons og samhald etter 22. juli.
- Bruk kunst frå Regjeringskvartalet som eit utgangspunkt for å tematisere 22. juli. Eit døme er . Kunstverket kan nyttast for å snakke om samhald og demokrati. Ta til dømes utgangspunkt i ein av dei grøne menneskestatuane. Dikt opp ei forteljing om denne personen. Kven er hen i felleskapen, og korleis kan vi inkludere denne personen?
- Bruk videoklipp i undervising – Supernytt har tematisert 22. juli.
- Elevane kan intervjue foreldre eller andre eldre familiemedlemar som hugsar 22. juli. Korleis høyrde dei om det, kva tenkte og opplevde dei då åtaket hende og i tida etter? Dersom foreldra ikkje budde i Noreg i 2011, kan elevane spørje dei om når og korleis dei høyrde om 22. juli, og kva dei tenkte då. De kan ta inspirasjon frå historiekonkurransa hjå HIFO .
- Elevane kan til dømes lage eigne minnesmerke eller minnekunst. Dei kan óg skrive eit brev eller teikne ein teikning til ein tenkt overlevande eller etterlaten etter 22. juli. Desse arbeidsmetodane er gode for å arbeide med sterke inntrykk og for å skape ei oppleving av at elevane bidreg.