TIDLIGERE UTSTILLING
Avsluttet
Markeringsutstillinga "10 år etter:" viser fram eit mangfald av tankar, minne og meningar, både frå menneske som opplevde 22. juli på kroppen og menneske som ikkje gjorde det. Kva tenkjer vi på når vi tenkjer på 22. juli? Kva tyder «aldri meir 22. juli» for deg – for oss?
Markeringa gjev oss moglegheita til å stoppe opp og lyfte blikket. Til å sjå tilbake, og til å sjå framover. I utstillinga 10 år etter: ønskjer vi å vise fram eit mangfald av tankar og meningar. I utstillinga høyrer vi både frå menneske som opplevde 22. juli på kroppen og menneske som ikkje gjorde det, men som likevel har minne og tankar dei vil dele.
Dagens skuleelevar har ingen eller få minne om 22. juli. Selma og Lilou frå Fyrstikkalleen skole bidreg til markeringsutstillinga med sitt vinnerbidrag til . Dei seiar: dette er òg vår historie.
Vidare spør vi publikum: Kva tenkjer vi på når vi tenkjer på 22. juli? Kva tyder «aldri meir 22. juli» for deg – for oss? Vi håpar du vil vere med i samtala – 10 år etter.
Utstillinga opna 15. juli 2021 og er tilgjengeleg for publikum i eitt år. Den er kuratert av 22. juli-senteret. Design og utstillingsarkitektur er ved Blæst design og Torsteinsen design. Fotograf, Andrea Gjestvang, har bidrege med ein ny, sterk fotoserie av overlevande og etterlatne.
Takk til alle som har bidrege og held fram med å bidrage til utstillinga 10 år etter: