Hopp til innhold

Om Regjeringskvartalet

Regjeringskvartalet vart på byrjinga av 1900-tallet kalla Empirekvartalet og husa Norges fyrste Rikshospital. Det einaste som står att frå Empirekvartalet, er Lindealléen, som i dag leiar opp til Høgblokka. Her kan du lese meir om kvartalet si lange historie.

Bilde i svart-hvitt av stilasomringet bygg og heisekraner fremfor åpen plass med rundkjøring. I forgrunnen er tre spaserende personer og flere vintagebiler er synlige.
Høgblokka under konstruksjon, 1957.

Av: Christina Marwold, 22. juli-senteret

Publisert: juni 2020

Redigert: januar 2023

Justisdepartementet flytta i 1883 inn i hovudbygninga til det gamle Rikshospitalet. Deretter overtok regjeringsapparatet dei gamle hospitalbygningane – éin etter éin. Ingen av desse var reist for departementsarbeid, og det oppstod eit ynskje om å ha bygningar som var tilpassa statsapparatet.

G-blokka var det fyrste bygget i Regjeringskvartalet. Blokka er teikna av arkitekt Henrik Bull og stod ferdig i 1906. På grunn av dårleg økonomi, vart berre sidefløya ferdigstilt. 22. juli 2011 husa G-blokka Finansdepartementet. Eksplosjonen skada bygget, men det vart raskt teken i bruk etter at opprydjingsarbeidet var avslutta.

Høgblokka stod ferdig i 1958, og er teikna av arkitekt Erling Viksjø. Høgblokka vart teikna i tråd med sosialdemokratiske verdiar om openheit og samhald. Frå 1958 og fram til terroråtaket i 2011, har alle norske statsministrar hatt kontor i toppen av Høgblokka. Justis- og politidepartementet heldt til i dei resterande etasjane. Høgblokka var målet for det fyrste åtaket 22. juli 2011, og vart totalskada av eksplosjonen.

Regjeringskvartalet, og tilhøyrande kunst, skulle vere tilgjengeleg og open for befolkninga. På sekstitallet gjekk det biltrafikk under Høgblokka – gjennom det som seinare vart resepsjonen. Sjølv om passasjen etter kvart vart glasa inn, forsøkte ein framleis på å sikre openheit ved å late befolkninga passere gjennom resepsjonen.

Y-blokka stod ferdig i 1969. Det mest kjende elementet ved bygget, er Pablo Picasso sitt kunstneriske bidrag med to unike motiv: Fiskerne og Måken. Då bomba gjekk av 22. juli 2011, hadde Kunnskapsdepartementet kontor i Y-blokka. Bygget fekk store skadar.

S-blokka og R4 (Regjeringsbygg 4) vart oppført av Viksjøs arkitektkontor i høvesvis 1978 og 1988. Saman med Y-blokka og Høgblokka danna dei Einar Gerhardsens plass. Då bomba gjekk av 22. juli 2011, heldt Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeidsdepartementet til i S-blokka, medan Olje- og energidepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Departementenes servicesenter heldt til i R4. Begge bygga fekk store skadar under terroråtaket. S-blokka og R4 vart riven i høvesvis 2014/2015 og 2019.

Det er ein uttalt målsetjing at det nye Regjeringskvartalet som er under bygging i dag, skal vere i samhøve med målsetjingane som prega ordskiftet. Ikkje minst talane til statsminister Jens Stoltenberg i dagane etter terroråtaket: Terroristen sine antidemokratiske handlingar skal møtast med meir demokrati, meir openheit – men aldri naivitet.

I det nye Regjeringskvartalet vil minnelandskapet få nye lag. Side om side med det nye og framtidsretta, skal spor etter terroråtaket i 2011 bevarast. Desse spora vil prege kvartalet og vere ei påminning til nye generasjonar om kva som vart angripe, og kva som skal forsvarast framover. Dei vil minne oss om dei vi mista, og om kvifor vi aldri må tenkje at demokratiet vårt er ein sjølvfølgje.

Kjelder