Samtala bør byrje med å kartleggje kva barnet/borna veit frå før om temaet og kvar denne informasjonen kjem frå. Det er med utgangspunkt i denne førekunnskapen ein byggjer samtala. Nokon detaljer må kanskje korrigerast, medan andre må nyanserast eller utdjupast. Forklar kva som hende, motivasjonane for terroråtaket og korleis samfunnet reagerte etter åtaket. Bruk tid på å tryggje barnet ved å fortelje at hen er trygg og at terroråtak er svært sjeldne i Noreg.

Det var ein mann som heitte Anders Behring Breivik, som var ueinig med og veldig sint på dei som styrte i Noreg. Han ville ikkje at det skulle kome menneske frå andre land for å bu i Noreg. Han ville heller ikkje at jenter skal få gå på skule eller at kvinner skal jobbe. Han ville endre måten vi lever på. I staden for å forklare og bruke orda sine, brukte han vald. Det er difor vi kallar han for ein terrorist.

Fyrst sprengde han ei bombe der kor dei som styrte Noreg hadde kontor. Han hadde gøymt bomba i ein bil. Han var ueinig i korleis dei styrte landet og difor ville han skremme, skade og drepe dei. Då bomba eksploderte vart fleire drepne og skada.

Det er ikkje berre vaksne som er interessert i korleis ein styrar landet. Mange ungdomar og barn er òg interessert og engasjert i det. Etter at terroristen parkerte bilen med bomba i, drog han til ei øy som heiter Utøya. Der var mange ungdomar på sommarleir. Han hadde med seg våpen og skaut mot dei som var på øya. Han gjorde det fordi han meinte at dei ville styre landet på same måte som dei som han var ueinig med når dei vart vaksne. Mange menneske vart drepne og skada, og alle vart veldig redde.

Over heile landet gjekk folk i rosetog og låg ned blomar for å vise kjærleik til dei som hadde mista nokon og dei som hadde overlevd. Terroristen vart sat i fengsel, og han vart dømd til å sitje der lenge. Kanskje heile livet.

Terroråtak har ikkje skjedd mange gonger i Noreg, så då dette hende, måtte dei som passar på oss snakke saman om kva vi kunne gjere for at sånne ting ikkje skal skje igjen.

Barnetegning at et gjerde rundt mange fargerike prikker som ligner blomster. Blyant på papir.
Bilete teikna av eit barn på 22. juli-senteret.

Bruk den same formuleringa som anbefalt for 4-6 år, men ver forberedd på spørsmål om kva terroristen var ueinig i. Eksempel på formulering:

Terroristen parkerte bombebilen der kor politikarar og statsministeren jobba. Staden heiter Regjeringskvartalet. I 2011 var det Arbeiderpartiet som sat i regjering og styrte landet. Terroristen meinte at det var Arbeiderpartiet sin feil at vi har fleire kulturar og religionar i Noreg. Han ville difor skade og drepe dei som styrte Noreg for å få stoppa blant anna innvandring til Noreg. Terroristen likte ikkje at det finnast ein blanding av fleire kulturar, og han vart redd for at andre kulturar og religionar kunne byte ut og ta over den norske kulturen. Han så berre negative ting med at menneske med ulike kulturar lever saman. Han ønska strenge lovar for å kontrollere folk og minske fridomen til å leve livet som ein ønskjer. Han ville for eksempel ikkje at kvinner skulle studere og jobbe, fordi han meinte at det ville øydeleggje samfunnet.

Barnetegning av en bygning med mennesker med røde streker. Blyant på papir.
Bilete teikna av eit barn på 22. juli-senteret.

Avhengig av førekunnskap, vurder om barnet kan få forklaringa som er anbefalt for 6-10 år, eller om formuleringa under er meir eigna:

Terrorisme tyder at personar eller grupper brukar vald for å få merksemd rundt sine meningar og mål for å krevje noko frå dei som bestemmer eller fordi dei ønskjer å endre landet eller å overta makta. Ein terrorist ønskjer å skremme menneske frå å leve eit fritt liv. Det var det Anders Behring Brevik ønskja då han angreip Regjeringskvartalet og Utøya 22. juli 2011.

Breivik meinte at innvandrarar, og særleg muslimar som innvandrar til Europa, hadde ein plan om å ta over Europa og Noreg og innføre strenge religiøse reglar. Dette stemmer ikkje. Han hadde ein type fordom som ein kan kalle anti-islamistiske. Breivik oppgav fleire grunnar til terroråtaket. I tillegg til at han var anti-islamistisk, var han òg anti-demokratisk. Det betyr at han meinte at måten Noreg vart styrt på, og at vi har eit demokrati, ikkje var riktig måte å leve på. Han var også anti-feministisk, fordi han meinte at likestilling og like rettigheitar mellom kvinner og menn var ein trussel mot samfunnet.

Breivik meinte at politikare som slepp innvandrarar, og spesielt muslimar, inn i landet, er med på å øydeleggje samfunnet. Han trudde at desse politikarane hadde ein hemmeleg plan som skulle gje dei mange fordelar. Breivik angreip Arbeiderpartiet og deira ungdomsparti (AUF) fordi han meinte at det var dei som hadde lagd til rette for mest innvandring av alle partia vi har i Noreg.

Terroristen snakka med mange som delte denne måten å tenke på, noko som kan kallast for ein ideologi. Dei kommuniserte på ulike nettstader, og her fekk han mange nye idear. På internett var det fleire som var einig i at kvinner og menn ikkje skal ha same rettigheiter, og i hatet mot Arbeiderpartiet, innvandrarar og muslimar.Desse menneska er i fåtal, og det er fleire av dei som ikkje hater eller har sånne fordomar.

Barnetegning av en bil med en bombe med røde strekk. Blå bakgrunn. Tekst på bilde: Pray for Oslo. Natalie 11 åt. 14 juli 2016. Blyant på papir.
Bilete teikna av eit barn på 22. juli-senteret.